14-åring dømd – krasja med dame som døydde

Ein 14 år gamal gut er dømd for å ha forårsaka døden til ei 71 år gammal kvinne i Rainworth, Nottinghamshire.

Guten kolliderte med kvinna medan han køyrde på ein elsparkesykkel på fortauet. Guten blei verande på staden og ringde etter hjelp, men dessverre døydde kvinna på sjukehus seks dagar seinare. Ho døydde av store hovudskader ho fekk i ulukka, melder The Guardian.

I retten sa guten at han hadde køyrt i litt over 30 km/t, og at kvinna plutseleg dukka opp bak ein varebil. Ifølgje dommen må guten venta i minst fem år før han får førarkort, og foreldra hans måtte betala ei bot.

Elsparkesyklar er lovlege å kjøpa, men det er ikkje lov å køyra dei på ein kva som helst offentleg stad i Storbritannia. Dei er rekna av politiet som motorvogner. I Storbritannia er det berre lov å bruka elsparkesyklar på offentlege vegar og sykkelvegar. Syklistane må vera 18 år eller eldre, og ha minst eit førebels sertifikat og følgja trafikklova.

I Noreg er det aldersgrense på 12 år for å køyra elsparkesykkel, og alle under 15 år må ha hjelm når dei køyrer. Den kriminelle lågalderen i England er 10 år, medan den er 15 år i Noreg.