7.-klassingar slo nokre av «Noregs smartaste» i kviss

12. september blei Vesle norske leksikon offisielt opna med ein kviss mellom eit elevlag og eit vaksenlag.

Vesle norske leksikon
  • Leksikon for born og unge
  • Inneheld 2200 artiklar om ulike tema
  • Artiklane er skrivne med klart og enkelt språk
  • Alle artiklane er kvalitetssikra av ekspertar
  • Alle artiklane finst på både nynorsk og bokmål
  • Skal bidra til at unge kan finne sann informasjon dei kan forstå
LES FAKTALUKK FAKTA

Torsdag blei Vesle norske leksikon offisielt opna med eit gøyalt og spanande show. Då møtte eit lag med fire sjuandeklassingar frå Blystadlia skule eit vaksenlag med kjendisar i kviss.

Vaksenlaget bestod av nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myre, tidlegare NRK Super-programleiar Heidi Marie Vestrheim, stortingsrepresentant Henrik Asheim og kulturminister Lubna Jaffery.

Alle spørsmål og svar i kvissen hadde utgangspunkt i informasjon ein kan finne på Vesle norske leksikon.

HELSAR: Motstandarane ynskjer kvarandre lykke til før kvissen. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Sikre på at dei skulle vinne

Elevlaget bestod av Aline Rushfeldt-Ellefsen (12), Sharif Qureshi (11), Yafiet Daniel Bahta (12) og Martinius Aleksander Isnes (12).

Medan vaksenlaget brukte lang områdingstid, var elevlaget raske med å svare på spørsmåla. I tillegg svara sjuandeklassingane rett på alle spørsmåla dei fekk og gjekk av med ein overlegen siger.

Premien var eit diplom der det stod at dei «vann over nokre av dei mektigaste og smartaste vaksne i Noreg».

DIPLOM: Vinnarlaget har fått utdelt kvar sin gjeve diplom. Frå venstre: Aline Rushfeldt-Ellefsen (12), Sharif Qureshi (11), Yafiet Daniel Bahta (12) og Martinius Aleksander Isnes (12). Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Dei fire elevane frå Blystadlia skule syntest det var spennande og gøy å delta på kvissen.

– Hadde de trudd at de kom til å slå vaksenlaget?

– Ja, det var vi heilt sikre på, sa Yafiet, medan dei tre andre lagkameratane nikka og sa seg einige.