– Sjølv om det kan følast litt ubehageleg, gir det å kjeda seg tid til å berre vera, føla og tenka, seier Charlotte.
– Viss vi aldri kjedar oss, får vi ikkje tid til å kjenna etter korleis vi eigentleg har det, eller til å finne ut kva vi liker aller best.
Ho fortel at når vi kjedar oss, lærer vi oss å vera tolmodige og å takla og bli frustrerte når ting ikkje går som vi vil. Likevel, det går an å kjede seg for lenge.
– Viss du på skulen får oppgåver som er enten for enkle eller for vanskelege, kan det bli vanskeleg å halde konsentrasjonen. Då kan du begynna å kjeda deg. Det er viktig å lære at livet og kvardagen ikkje alltid er gøy og spennande, men samtidig er det spesielt viktig på skulen å få passe utfordrande og meiningsfulle oppgåver for å trivast og lære godt.