Forfattar Øystein Runde blei overraska over alt han ikkje visste om ADHD

Her er noko av det som overraska forfattaren av boka ADHD, Øystein Runde, mest:

1At ein kan få ADHD ved å krasja med bil

Dei fleste har ADHD på grunn av genane sine. Det er svært arveleg. Men forskaren Berit Skretting Solberg fortalde meg at ADHD eigentleg berre er ein diagnose som betyr at du har fått eit visst tal poeng på nokre testar. Og poenga har stort sett med kor velutvikla frontallappen i hjernen din er. Så om du skadar frontallappen ved å krasja panna i frontruta di … så kan du få ADHD.

FRAMSIDA: Slik ser boka ADHD ut. Illustrasjon: Øystein Runde, henta frå boka med løyve

2Det overraska meg at ADHD ikkje heng saman med verken høg eller låg kreativitet

Eg tenkte alltid ADHD og høg kreativitet hang i hop, for eg kjenner så mange kunstnarar med ADHD. Men det er meir at kunst er fullt av nye oppgåver, og ikkje straffar deg for å leita rundt og utforska ting, og skifta fokus støtt og stadig.

 

3Ein kan både få det betre og verre med åra

Med ADHD kan ein både bli betre med åra, fordi hjernen modnar. Og ein kan få det verre, fordi ein får ansvar for fleire ting di eldre ein vert, og alle triksa ein hadde for å roa ned hjernen fungerer kanskje ikkje når du brått har fått ungar du må passa på.

4Kraftig ADHD kan forkorta levetida di

Meir risikabel oppførsel har, statistisk sett, konsekvensar. ADHD gir oss menneska som tek sjansane for oss, som oppdagar nye ting og hyperfokuserer på stadig nye ting og dyttar verda vidare og hindrar oss i å stagnera – dei er verdifulle for fellesskapet, men å vera den som har ADHD, er ingen spøk.