Den nest største diamanten i verda funne

Nyleg blei den nest største diamanten nokon gong oppdaga grave fram i ei diamantgruve i Botswana.

Det opplyser den kanadiske dimantprodusenten Lucara Diamond på nettsidene sine. Det er dei som eig gruva diamanten blei funne i.

Diamanten vog 2492 karat (498 gram) og tok dermed andreplassen bak verdas største diamant på 3107 karat (621 gram) som blei oppdaga i Sør-Afrika i 1905.

Lucara Diamond har sidan 2017 nytta ein røntgenteknologi for å finne diamantar. Denne teknologien har gjort at selskapet i løpet av dei siste åra har funne mange store og verdifulle diamantar.

Diamantindustrien er kjent for å ha vore uetisk, mellom anna ved at arbeidarar blir utsette for menneskrettsbrot og at industrien er med på å finansiere krig. Lucara Diamond hevdar på nettsidene sine at alle diamantene deira er etisk produsert.