– Det er den største æra i livet mitt å akseptere nominasjonen dykkar som visepresident i USA, sa Walz då han talte til landsmøtet natt til torsdag norsk tid.
Tidlegare president Barack Obama og kona Michelle Obama var blant talarane som viste støtte til Kamala Harris.
Natt til fredag norsk tid talte Harris for landsmøtet, til stor jubel frå salen. I talen tok ho opp Israel-Palestina-konflikten. Ho understreka at ho støttar Israels rett til å forsvare seg, men at det som har skjedd i Gaza dei siste månadane er forferdeleg.
– President Biden og eg jobbar for å få slutt på krigen på ein måte der Israel er trygg, gissela blir sleppt fri, det blir slutt på lidingane i Gaza og det palestinske folket kan få oppleve retten sin til å leve i verdigheit, tryggleik, fridom og retten til å bestemme over seg sjølv, sa ho ifølgje NRK.
Noverande president Joe Biden vart òg takka av under landsmøtet, etter å ha arbeidd for partiet i 50 år.