Vi søv mindre, men betre, om sommaren

Lyse sommardagar er betre for søvnen enn den mørke vinteren.

Vi søv betre om sommaren enn om vinteren, skriv Forskning.no. Forskarar meiner grunnen er at vi får meir dagslys om sommaren enn om vinteren. Mykje dagslys hjelper hjernen vår til å skjønne at vi skal sove om natta.

I tillegg kan det at vi er meir ute om sommaren og får frisk luft, hjelpe oss til å sove betre.

Tips mot varme sommarnetter

Men det er ikkje alt med sommaren som gir god søvn. Viss det er veldig varmt når du skal legge deg, kan det vere vanskeleg å sove godt. Heldigvis finst det nokre tips.

– Du kan bruke ei vifte, bruke blendingsgardiner eller ha vindauget ope for å halde temperaturen nede, foreslår søvnforskar Birgitte Rahbek-Kornum til Forskning.no.