Thea Celine (10) og Johannes (10) møtte kronprinsparet

Då kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit var på Moster for å feire at det var 1000 år sidan kristenretten vart innført i Noreg, var det fjerdeklassingane frå Moster skule som tok imot dei.

– Dei spurde kva eg heitte og sa at eg var fin i bunad, seier Thea Celine Hedegaard-Larsen (10) til Framtida Junior, rett etter at ho har helsa på Noregs kronprinspar.

Saman med klassekamerat Johannes Røksund Ingvaldsen (10), står ho i finstasen utanfor Salem bedehus i Bømlo kommune på Vestlandet, der det skal vere festmiddag. På gjestelista er både politikarar og kongelege.

Alle venta spent på kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit, som var dei siste som kom køyrande i dei svarte bilane sine.

KLARE: Johannes og Thea Celine står klare til å ta imot kronprinsparet. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Litt nervøs

Thea Celine og Johannes hadde blitt trekt ut i klassa til å vere dei som tok imot kronprinsparet.

– Vi skulle gi dei blomar, fortel Thea Celine.

Johannes innrømmer at han var litt nervøs på førehand, men synest det gjekk bra.

– Eg synest det var kjekt!

– Dei spurde kor gamal eg var og kva klasse eg gjekk i, fortel Johannes, som ikkje er veldig oppteken av kongelege.

FLOTT SKUTE: Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit kom til Moster med kongeskipet. Foto: Åshild Slåen

Feira demokratiet

Dei kongelege hadde teke turen til Moster i Bømlo kommune for å vere med på feiringa av at det er 1000 år sidan Olav den heilage innførte kristenretten i Noreg.

Det som skjedde på Moster i år 1024 var eit viktig vendepunkt for Noreg. Då fekk kvinner og fattige nye rettar, ein kunne ikkje lenger setje barn ut for å døy, og konfliktar skulle løysast i retten.

Det vil seie at Noreg gjekk frå å vere eit maktsamfunn til eit rettssamfunn, og blir rekna som det første steget til det moderne demokratiet vi har i dag.

VIKING: Både politi og vikingar passa på bilen til kronprinsparet. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

På Moster var det fleire aktivitetar for barn. Det var vikinglandsby, teater og musikk. Mellom anna var artisten Emma der og opptredde.

Etter ein lang dag der kronprinsparet hadde vore på seglas med ungdommar frå heile landet, sett på ulike framsyningar og halde tale, var det tid for festmiddag.

Velkomstkomitéen med Thea Celine og Johannes fekk derimot ikkje vere med på middagen.

– Vi skal heim att.

Foto: Birgitte Vågnes Bakken