På søndag var det val i Mexico. Claudia Sheinbaum fekk mellom 58,3 og 60,7 prosent av stemmene.
Ho blir dermed den første kvinnelege presidenten i Mexico.
– Eg vil ikkje svikte dykk, sa Sheinbaum etter valsigeren, ifølge NRK.
Claudia Sheinbaum er ingeniør og klimaforskar. I 2018 blei ho også den første kvinnelege ordføraren i hovudstaden Mexico City.
Claudia Sheinbaum tar over jobben som president 1. oktober.