10 fakta om Svalbard

Svalbard er ein del av Noreg. Øygruppa er svært stor. Større enn heile Danmark!

  • Svalbard er fellesnamet på fleire ishavsøyar som ligg same plassen. Dei aller fleste bur på øya Spitsbergen, der Longyearbyen er (men på Bjørnøya bur ni personar og på Hopen fire stykker, som alle arbeider for Meteorologisk institutt).
  • Samla sett, så er Svalbard veldig stort. Øygruppa er 61 022 km2. Det er større enn heile Danmark! (Det er heller ingen vegar som bind dei ulike busetnadane saman, så om ein skal på tur ut av Longyearbyen lyt du ta anten båt, snøskuter, helikopter eller fly.)
  • Det regnar så lite på Svalbard, at ein kan kalle det ein arktisk ørken.
  • I Longyearbyen er det mørketid nesten fire månadar kvart år. Frå midten av november og ut januar er det fullstendig mørkt heile dagen.
  • Forskarar veit ikkje nøyaktig kor mange isbjørnar som bur på Svalbard, men i heile Barentshavsregionen er det mellom 1900 og 3600 isbjørnar.
  • Grunna faren for isbjørn seier Sysselmannen at alle som skal ut på tur, må ha med seg noko dei kan bruke til å jage vekk isbjørn.
  • I Longyearbyen er det berre éin skule, og der går ein frå 1. klasse til ein er ferdig på vidaregåande. Skulen husar kring 200 elevar frå 1-10 klasse, og rundt 30 elevar på vidaregåande trinn.
  • Det er berre éin matbutikk i Longyearbyen, og eitt kjøpesenter. Det heiter Lompen, og dei sel mest friluftskle og friluftsting.
  • I Longyearbyen har dei både idrettshall, symjehall, ungdomsklubb, bibliotek og kino. Der er også eit sjukehus, men det er veldig lite, så om du lyt operere, så vert du sendt til Tromsø.
  • Det er også ein Svalbardtradisjon å ta av seg skoa når ein går inn – anten det er på hotell, museum eller heime.