Klare med boktips på podkast

Åtte elevar ved Øyra skule i Volda har laga podkastepisodar med barneboktips i samarbeid med Nynorsksenteret.

Fakta: Barneboktips
  • Podkasten «Barneboktips» inneheld episodar på rundt 2 minutt som lærarar eller andre, kan spela av for barn som treng leseinspirasjon.
  • Kvar podkast handlar om ei bok.
  • Kvar episode tek utgangspunkt i to spørsmål: 1. Kva handlar boka om? 2. Kva likar eg med denne boka?
LES FAKTALUKK FAKTA

– Me har spelt inn ein podkast som heiter «Barneboktipset». I podkasten gir me tips om barnebøker me har lese saman med klassen, fortel Olav Solheim Thomassen (10).
Saman med sju andre på 4. trinn, har han laga den splitter nye innspelinga saman med Nynorsksenteret.

– Du kan lytta til podkasten på nettsidene til Nynorsksenteret og Framtida Junior, fortel han.

Sondre Årdal Helset (9) synest det var spennande å spela inn episodane.

– Det var mest gøy! Men også litt spennande at det me seier blir lagt ut på internett, seier han.

Inspirerande

Emil Standal Nilsen (10) håpar på å laga fleire episodar.

– Me har laga ni episodar i eit grupperom på skulen. Eg håpar me skal laga fleire, fortel han.

Jesper Sjåstad Åsebø (9) blei inspirert av å vera med på prosjektet.

– Å jobba med podkast har vore både gøy og inspirerande. Eg likar å snakka i mikrofon. Under innspelinga hadde me førebudd oss ved å skriva ned nokre setningar om boka i ei bok. Så las me det inn i mikrofonen. Det gjorde ikkje noko om me sa noko feil. Då tok me det berre opp ein gong til, fortel han.

På premierefesten fekk heile klassen høyra podkastane, og dei fekk besøk av ein kjend forfattar.

– Arild Torvund Olsen har skrive boka «Katten og kråka», og me har tipsa om boka i podkasten, fortel Melissa Førde (9).

Mathilde Finsådal Drabløs (9) gledde seg til å visa fram det ferdige resultatet til klassen.

– Dei andre har lurt litt på korleis det er å spela inn podkast, så det var gøy å visa det fram, seier ho.

Glade i litteratur

Live Solheim Rønningen (10) er glad ho rakk opp handa då læraren spurta om nokon ville vera med på prosjektet.

– Eg synest det verka veldig gøy!

Mathilde Hovden Sætre (10) blei inspirert til å halda fram med å laga podkast.

– Det var gøy å prate i mikrofon! Men ganske rart å høyra si eiga stemma, seier ho.

Heile gjengen er glade i å lesa, og gler seg til å inspirera andre barn og unge til å lesa meir.

– Eg les både morgon og kveld – og når eg har tid på dagtid. Eg likar å lese detektivbøker og humorbøker, fortel Mathilde Finsådal Drabløs.

– Ja, eg les også når eg har tid. Men akkurat no lyttar eg til Harry Potter på lydbok, seier Live Solheim Rønningen.