Klekker kyllingar på skulen

Sjetteklassen på Sagvåg skule har hatt nokre heilt spesielle timar i naturfag denne vinteren.

PIIP! Det er godt og varmt inne i kyllingkassen for kyllingane.

– Me har testa ein rugemaskin, og klekt fram kyllingar, fortel Jacob Almås (11).

Klassen fekk låna rugemaskinen av ein bonde. Han kom òg med egg til skulen.

Klassen fekk 21 dagar til å ruga ut egga. Dei har passa på å fylla på med vatn i rugemaskinen to gonger om dagen.

Døydde

Undervegs har dei lyst på egga for å sjå om det er kylling i dei og korleis dei utvikla seg.

Den fjerde veka er det fleire kyllingar som hakkar seg ut av egga dei ligg i.

SPENNANDE: Jacob Almås synest det er spennande å ha naturfag med ekte kyllingar.
KJEKT: Ida Skaarhaug Mathisen held opp kyllingen som har fått namnet Rashford.

– Det var éin kylling som døydde. Den eine kyllingen hakka på den som døydde. Det var trist, fortel Ida Skaarhaug Mathisen (11). Klassen arrangerte gravferd for den døde kyllingen.

Lærerikt

Alle dei andre kyllingane er friske og raske. Klassen bytar på kven som har ansvar for kyllingane. Kvar dag får dei mat og vatn.

– Me har lært veldig masse om kyllinger og kyllingegg, seier Leah Hahtokari (11).

 

PÅSKEGUL: Jacob Almås held opp kyllingen Kitty som klassen hans har vore med på å klekka fram.