– Skogen er full av liv og spenning!

Bøker om naturen som Trude Tjensvold anbefaler

La skogen leve av Nora Dåsnes
Klodeklubben-serien av Ruth Lillegraven
Grønne greier – om miljø og sånt av Ole Mathismoen og Jenny Jordahl

LES FAKTALUKK FAKTA

Då Trude var lita, likte ho godt å vere i skogen, og gjerne åleine.

– Eg syntest skogen var mystisk og full av spennande lukter. Skogen gav meg på ein måte næring til fantasien, fortel Trude.

Men ho visste lite om korleis dei som bur i skogen, snakkar saman. Som vaksen bestemte ho seg derfor for å skrive ei bok om språka i skogen for å lære meir. Ho var veldig usikker på om ho kom til å finne nok fakta å skrive om.

– Men eg blei kjempeoverraska over at både tre, dyr og insekt kommuniserer så mykje som dei gjer. Skogen er tilsynelatande stille, men ser ein godt etter, er han full av liv og røre. Skogen er full av liv og spenning! seier Trude.

Håper lesarane får lyst til å vere i skogen

FORFATTAR OG ILLUSTRATØR: Trude Tjensvold har skrve ei bok om skogen. Foto: Fartein Rudjord/NORLA

Trude fann så mykje fakta om korleis dei som bur i skogen kommuniserer, at ho måtte vere streng med å velje ut kva ho skulle ha med i boka. Sidan det er ei bildebok, er det viktig at boka ikkje blei for lang.

Ho håper at dei som les boka får lyst til å vere i skogen, og på sikt få interesse, nysgjerrigheit og respekt for dyr og plantar. For ho meiner bøker kan hjelpe oss til å ta vare på naturen.

 

– Eg trur bøker kan hjelpe oss til alt! Eg er overtydd om at dess meir vi veit om naturen, dess meir kan vi forstå kor viktig det er å ta vare på han, meiner Trude.