Alle barn har rett til utdanning

Visste du at det skal vere gratis å gå på skule i Noreg? Aktivitetar i regi av skulen skal ikkje koste deg eller foreldra dine noko.

Alle barn har rett til å gå på skule. Skulen skal vere gratis og gje born god utdanning. Sjølv om nærast andre land i verda har skrive under på konvensjonen, er det framleis mange born som ikkje får oppfylt rettane sine. Det tyder blant anna at mange born ikkje får gå på skule og dei mister moglegheita til og få ei utdanning.

Rett til utdanning

Kvart einaste menneske, uavhengig av etnisitet, kjønn, nasjonal eller sosialt opphav, religion, politiske oppfatningar, språk, alder eller funksjonsavgrensingar, har rett til gratis grunnutdanning.

Likevel finst det fleire titals millionar born i verda som ikkje har tilgang til grunnutdanning. Mange hundre millionar vaksne kan ikkje lese og skrive fordi dei aldri har gått på skulen. Alle går glipp av ein grunnleggjande menneskerett: Retten til utdanning.

Krig hindrar utdanning

Tenk på at retten til utdanning møter på særlege utfordringar i konfliktområde og sårbare statar. Krig og konflikt er den største hindringa for målet om utdanning for alle. Fleire millionar born og unge står utanfor skulen i krise- og konfliktramma land. Jenter og born med funksjonsnedsetting er blant dei som vert ramma hardast.

Om lag tre fjerdedelar av verdas flyktningar har ikkje tilgang til ungdomsskule. Trass i at behova er store, er utdanning ein av dei sektorane som får minst finansiering i humanitære situasjonar.

Utdanning er ein menneskerett

24. januar feira me den internasjonale dagen for utdanning, og det minner oss om at utdanning er avgjerande både for å løfte folk ut av fattigdom og for å frigjere kvar person sitt fulle potensial.