Matija (13) jobbar frivillig fira dagar i veka

13-åringen brukar mykje av fritida si på Bøler fritidsklubb, og vart nyleg heidra som Årets ungdomsmedverkar.

– Eg likar det fordi eg gjev noko tilbake til klubben, sidan dei har gitt så mykje til meg. Så likar eg jo også den kjensla av at eg gjer noko godt i kvardagen. 

Det seier Matija Klasic når me møter han på Bøler fritidsklubb i Oslo.

Sjokkert vinnar

Nyleg fekk Matija prisen for Årets ungdomsmedverkar av organisasjonen Ungdom og Fritid.

– Eg blei veldig stolt over meg sjølv. Eg blei veldig glad for det og sjokka, for eg visste ikkje noko som helst, seier Matija.

Premien for Årets ungdomsmedverkar er 10 000 kroner.

Ansvarleg for ungdomsklubben, Nathalie Rose Celik-Nordström, var den som nominerte Matjia, og synest prisen er fortent. 

14 timar i veka

Matjia jobbar frivillig på både juniorklubben og ungdomsklubben. Det betyr at han jobbar tysdag til fredag kvar veke, i tillegg til nokre søndagar.

Det vert rundt 14 timar frivillig arbeid i veka, nokre gonger meir.

– Vil du anbefala til andre å vera frivillig og engasjera seg?

– Ja, det hadde eg. No er det jo opp til ein person kor mykje ein vil gjera det, kor lenge og når og kor, men det hadde eg absolutt. Det opnar veldig mange moglegheiter i livet for jobb og framtid, seier Matija, og legg til: 

Teamleiar for ungdomsklubben Nathalie Rose Celik-Nordström er stolt over innsatsen til Matija.

– Men det er jo ein ting eg gjer fordi eg synest det er bra og gøy. Eg hadde ikkje gjort det om eg syntest det var dritkeisamt. Det er jo kvart barn sin draum at ein kan sitja bak ein kiosk med godteri og telja pengar. Men eg har ei viss interesse for å laga mat, eg fekk ein seksar i mat og helse. Eg likar å vera med å gjera noko, det er det som er gøy.

Trivst på kjøkenet

13-åringen har jobba frivillig i eitt år og funne sin naturlege plass som seljar og kokk i kiosken, saman med ein vaksen.

– Eg tel varer, om me skal laga mat så dreg eg på butikken og handlar det me treng til den dagen. Mi oppgåve er at alle er nøgde med servicen i kiosken.

– Føler du at du lærer noko av det?

 Eg har lært ein del matte i kiosken kan ein seia, ler Matija, og legg til:

 Eg har lært service til andre, eg har jo blitt betre å snakka med andre menneske og blitt betre sosialt, svarar Matija.

Noreg har hatt fritidsklubbar i over 70 år, men ikkje alle har ein klubb å gå til. Difor starta Ungdom og Fritid og Redd Barna ein underskriftskampanje for at det skal stå i lova at alle kommunar skal ha fritidsklubb. 

Viktig møteplass

FNs barnekonvensjon slår fast at alle barn har rett til å delta i fritidsaktivitetar uavhengig av foreldra sin økonomi. 

Matija meiner at ungdomsklubbar kanskje ikkje er det viktigaste for å sikra barn- og unge sine menneskerettar, men peikar på at dei har ei medverkande rolle i å gje unge ein plass der dei føler seg trygge og velkomne. 

– Det er ein plass der barn kan ytra seg, seia kva dei meiner og gjera kva dei vil. 

– Er det nokon du tenkjer at det er ekstra viktig for?

– Dei som kanskje ikkje har så mange vener, dei som kanskje nettopp har kome som flyktningar frå til dømes Ukraina. Og så er det ekstra viktig for barn som kanskje har litt lågare budsjett heime. Dei kan kanskje ikkje ha mange gjester heime hjå seg, så kan dei kome her.


Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført i samband med Framtida med støtte frå Fritt Ord.