Unge går rettens veg i klimasøksmål

Dei siste åra har det vore fleire rettssaker der organisasjonar og klimaaktivistar saksøker statar og selskap for å bryte menneskerettane deira.

Retten til liv
  • Retten til liv står i både FNs verdserklæring om menneskerettar (artikkel 3) og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (artikkel 2).
  • I den såkalla miljøparagrafen i den norske Grunnlova § 112 står det: «Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag.»
LES FAKTALUKK FAKTA

– Michelle Bachelet, som var FNs høgkommissær for menneskerettar, seier at klima er den største trusselen mot menneskerettar internasjonalt nokosinne.

MENNESKERETTAR: Michelle Bachelet var FNs sin høgkommissær for menneskerettar mellom 2018 og 2022. Foto: UN Photo/Jean Marc Ferré

Det fortel Rasmus Berg frå Natur og Ungdom. Han har følgt dei to klimasøksmåla som har vore i Noreg. Saman med Greenpeace saksøkte ungdomsorganisasjonen den norske staten fordi dei meiner oljepolitikken strir mot menneskerettane.

Dei tapte saka i Høgsterett, men er i gang med eit nytt søksmål. Dommen frå Oslo tingrett i klimasøksmålet, der Natur og Ungdom og Greenpeace har gått til sak mot staten for godkjenninga av tre nye oljefelt, er venta å kome i januar 2024.

I RETTEN: Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver og Greenpeace-leiar Frode Pleym i Oslo tingrett. Foto: Rasmus Berg via Greenpeace

Organisasjonane har òg klaga dommen inn til Den europeiske menneskerettsdomstolen. Dei meiner retten ikkje tok nok omsyn til konsekvensane klimaendringane har for barn og unge.

● Les også: Klimasøksmålet utsett i Menneskerettsdomstolen

Menneskerettsdomstolen

I år føregår det tre klimasøksmål i Den europeiske menneskerettsdomstolen sitt storkammer. Saker blir berre tatt inn i storkammeret viss dei er veldig viktige.

I den eine saka klagar seks portugisiske barn og unge inn Noreg og 32 andre land for å ikkje gjere nok for å beskytte dei mot klimaendringar. 

– For det første bidrog klimakrisa til ein skogbrann i nærleiken av der dei bur og hadde store konsekvensar for nærmiljøet. For det andre er det ei stor belastning at ein har ein mykje større risiko for ulike lidingar både psykisk og fysisk på grunn av klimakrisa.

KLIMASØKSMÅL: André Oliveira, Sofia Oliveira, Catarine Mota, Mariana Agostinho, Martim Agostinho og Cláudia Agostinho utanfor Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Dei har gått til sak mot Noreg og fleire andre land i eit klimasøksmål.
Foto: AP Photo/Jean-Francois Badias

Konsekvensar

– Har det kome dommar som har konkludert med at klimakrisa er brot på menneskerettane?

– Det byrjar å bli ganske mange etter kvart. I Nederland har Høgsterett brukt den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 2, retten til liv, til å seie at Nederland må kutte utsleppa mykje raskare og må få ein meir seriøs plan for korleis dei skal kutte dei.

Tyskland må òg stramme inn klimalova si etter at ungdommar saksøkte dei.

I august i år vann amerikanske barn og unge eit klimasøksmål i Montana. Dei saksøkte delstaten for å krenke retten deira til eit «reint og sunt miljø».

Gå saman

Rasmus seier det kan vere vanskeleg å ta saker til domstolane sjølv, og rår barn og unge til å melde seg inn i ein organisasjon.

– Når ein går saman er det moglegheiter til å ta i bruk eit slikt verkemiddel.


Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført i samband med Framtida med støtte frå Fritt Ord.