Vil la barn klage på brot på FNs barnekonvensjon: – Ingenting å frykte

Ungdomsorganisasjonen Press er skuffa over at Noreg ikkje har blitt med på klageordninga til FNs barnekomité.

Barnekonvensjonen er ein avtale som gir barn i heile verda ekstra vern og dei same grunnleggjande rettane. Avtalen blei vedtatt av FN i 1989. Noreg har slutta seg til avtalen, og barnerettane er ein del av norsk lov. 

Men Noreg har sagt nei til å vere med på ei ordning som gir barn rett til å klage til FN sin barnekomité dersom rettane deira blir brotne. Norske styresmakter meiner det er unødvendig, fordi menneskerettane allereie er godt verna i Noreg. 

– Uheldig

Press – Redd Barna Ungdom er ueinige. Dei meiner Noreg framleis har ein veg å gå for å sikre at alle barn i Noreg får rettane sine innfridd, og at det sender eit uheldig signal til andre land.

– Noreg har tradisjonelt vore eit føregangsland for barns rettar. Vi har gjort barnekonvensjonen til ein del av norsk lov, vi hadde verdas første barneombod og har eigen barneminister, skriv Maja Enerhaug Egge i Press til Framtida Junior.

Vil ha rett til å klage

– Vi har ingenting å frykte ved å binde oss til tilleggsprotokollen. Viss Noreg ikkje bryt barnekonvensjonen, vil det heller ikkje vere nødvendig for norske barn å klage til FNs barnekomité, påpeiker ho.

– Kvifor er denne klageordninga viktig? 

– Barn er ei heilt spesiell gruppe, og det er derfor dei har fått eit sett med heilt eigne rettar. Derfor er det berre ei eiga klageordning for desse rettane som kan gi barn moglegheit til å klage over brot på dei unike rettane deira.


Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført i samband med Framtida med støtte frå Fritt Ord.