Beinstyrken utviklar seg i barndommen. Ein belgisk studie målte beinstyrken til meir enn 300 barn, skriv The Guardian. Nokon av barna budde midt i byen, andre budde på landet med mykje natur rundt seg.
Studien viste at barn som vaks opp med natur nærme heimen, hadde sterkare bein. Forskarane trur det er fordi barna som vaks opp nærme til dømes ein park eller skog var meir fysisk aktive. Å vere fysisk aktiv gjer beina sterkare.