Årets The Gathering 2024 er avlyst

Arrangørane bak The Gathering seier dei rettar alt fokus mot å skipa til ein ny datafest neste år.

– Det er ikkje slutt for The Gathering, men årets arrangement er avlyst etter ei samla vurdering frå styret og arrangementsleiinga, seier Trine Haanæs til VG. Ho er med i leiargruppa til The Gathering.

Datafesten har vorte arrangert sidan 1992 i Vikingskipet på Hamar. Opp mot 5000 unge og vaksne har møttest der kvart år bortsett frå to år under pandemien.