Ja til gratis fritidsaktivitetar!

Dersom eg var ordførar for ein dag, ville eg ha bestemt at det skulle vera gratis å vera med på fritidsaktivitetar for barn og unge, skriv Isabella i 6. klasse ved Norheimsund Friskule.

Det er viktig at ein har ein fritidsaktivitet, fordi det er bra for kroppen å vera aktiv og det er veldig dumt at det er ganske mange som ikkje har nok pengar til fritidsaktivitetar og det synest eg me burde gjera noko med.

Det som eg synest hadde vore bra, er at me hadde gitt litt meir pengar til dei som har dårleg råd, men det er og nokon som har eit fritidskort som gjer det sånn at dei slepp å bruka så mange pengar på fritidsaktivitetar.

Les kva andre barn ville gjort om dei var ordførar for ein dag!