– Ja til betre leikeområde på skulane!

Dersom eg var ordførar for ein dag, ville eg brukt pengane til å kjøpe fleire fysiske leikar til skulane, skriv Selihom (10) ved Norheimsund Friskule.

For det første blir dei øydelagt. For det andre er dei dårlege når elevane bruker dei.

Leikane fungerer ikkje alltid som dei skal.

Og det er dårleg kvalitet i fotballane som det er lite luft inni.

Det burde også vore kunstgras på fotballbanane så elevane
ikkje skadar seg når dei spelar fotball. Dessutan burde det vore stødigare nett på fotballmåla.

Les kva andre barn ville gjort om dei var ordførar for ein dag!