Inkludering for alle!

Dersom eg var ordførar for ein dag, hadde eg jobba for at alle skulle kjenna seg inkludert på skulen, skriv Selma på 7. trinn ved Norheimsund Friskule.

For å kunna læra, må ein kjenna seg trygg. Ein lærer best saman med nokon som ein er trygg på, og som er trygg på deg. For å få dette til, er det viktig å ha vener på skulen.

Det motsette av å vera inkludert og å ha vener, er å vera utestengt og aleine, og dermed utrygg. I Norge er det 50.000 barn som blir mobba kvar dag, og kjenner seg utrygge på skulen.

Ein generell definisjon av mobbing er følgande: Ein person er mobba når han eller ho blir utsett for negative handlingar frå ein eller fleire andre personar fleire gonger over ei viss tid.

Oftast tenkjer me på mobbing og utestenging som direkte uvenleg oppførsel mellom
enkeltpersonar.

Samtidig er det viktig å forstå at mobbing og ekskludering kan vera ein del av sosiale prosessar på avvegar. Då handlar mobbing om handlingane til vaksne, barn og ungdommar som hindrar opplevinga av å høyra til, å vera ein person som har ein verdi i fellesskapet og høve til å medverka.

Dette er former for mobbing som er meir usynlege og vanskelege å oppdaga. Derfor
er det også viktig å jobba for inkludering fordi det gjer alle menneske til medborgarar. Alle stemmer er viktige for fellesskapet.

Det er mange typar mobbing, for eksempel: digital mobbing, fysisk mobbing, mobbing som gjer at du føler deg usynleg, verbal mobbing og utestenging. Både vaksne og barn kan bli mobba som uskyldige offer, og mange av dei som har blitt mobba, kan bli øydelagt for livet.

Derfor er det viktig at me gjer noko med dette!

Dersom eg var ordførar for ein dag, ville eg ha sett trygge og inkluderande skulemiljø øvst på mi prioriteringsliste. Eg ville ha sett av ein stor pott med pengar og samla alle vaksne som jobbar med barn i kommunen til å laga ein felles standard for korleis me inkluderer kvarandre.

Eg ville aktivt ha jobba for nulltoleranse for alle typar mobbing og innført ein venskapsgaranti for alle i kommunen.

Les kva andre barn ville gjort om dei var ordførar for ein dag!