Sjukehusklovnane minner barn på å leike

Det er vanleg å treffe klovnar på sirkus, men på fleire sjukehus kan du også treffe på ein klovn eller to.

Ein sjukehusklovn er ein klovn som held til på sjukehuset. Sjukehusklovnane besøker barn og unge som må vere på sjukehus.

– I dei fargerike kostyma våre er vi lett synlege i alt det kvite, seier klovnane Konstantisola og Trude-Litt Masse Mer.

Det å vere på sjukehus kan nokre gonger vere litt skummelt. Det kan også vere veldig kjedeleg.

– Når barn kjem inn på sjukehus, kan dei lett gløyme leiken som dei elles er ekspertar på. Viss barnet har det vondt, kan vi då for eksempel få det til å tenke på noko fint. Gjennom leik kan vi gjere sjukehusopphaldet til ei betre oppleving, seier dei.

Drar saman i fantasien til ein annan stad

Dei fleste barna sjukehusklovnane møter, synest klovnane er spennande og vil gjerne vere saman med dei. Nokre barn blir godt kjende med klovnane fordi dei må vere lenge på sjukehus.

GØY PÅ JOBB: Klovnane Konstantisola og Trude-Litt Masse Mer bruker mykje fantasi. Foto: Sjukehusklovnane

– Då kan vi gjere mange av dei tinga som barnet ville gjort med vennane sine, som å springe om kapp, danse eller gjere andre ting som er gøy, seier dei.

Klovnane bruker mykje fantasi i jobben sin.

– Du kan sjå for deg at du er ein astronaut eller at du svømmer i havet, sjølv om du ligg i ei seng eller er på eit venterom, seier Konstantisola.

– Ein sjukehusklovn bruker fantasien heile tida, men er ikkje alltid klar over det. Ein klovn er ikkje dum, berre veldig naiv. Det betyr at klovnen trur han forstår det som skjer, sjølv om det er noko heilt anna enn verkelegheita. Ei sprøyte kan bli til ein månerakett, eller ei seng kan bli til eit fly eller ein båt, seier Trude-Litt Masse Mer.

– Nokre av barna som må ligge lenge på sjukehus, orkar ikkje bruke fantasien sin. Dei har kanskje mykje vondt. Då kan sjukehusklovnane vere med på å minne dei på leiken og fantasien. Saman kan vi, i fantasien, dra til ein heilt annan stad, seier klovnane.

I leiken kan du få til alt

Sjukehusklovnane meiner at det å leike er kjempeviktig.

– I leiken kan du bli kva du vil og gjere kva du vil. Du kan gjere det åleine eller saman med andre, enten det er ein verkeleg person eller ein fantasiperson. Du kan for eksempel lage historier der du gjer ting du elles ikkje klarer, for i leiken kan du få til alt.

PLASTER PÅ NASEN: Sjukehusklovnane tar med leiken inn på sjukehuset. Foto: Sjukehusklovnane