Slik leika foreldra og besteforeldra dine

Kva likte folk å leika for 20 år sidan? 50 år sidan? Eller 70 år sidan?

– Me har snakka med 100 personar i 70-åra, 50-åra og 20-åra om leik, fortel Ragnhild Røe Norderhus. Ho jobbar som universitetslektor ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU og har saman med professor Maria Øksnes og Universitetslektor Gunilla Isaksen forska på leik.

POPULÆRT: Å hoppa strikk har vore populært gjennom mange tiår. Her er det gutar og jenter i Oslo som hoppar strikk på 60-talet. Foto: Sverre A. Børretzen / AKTUELL / NTB

Korleis leika folk i 70-åra då dei var barn? 

  • Det var ingen barnehage den gongen, og mange barn gjekk på skulen berre anna kvar dag. Det hende også at barna måtte jobba. Folk sine heimar var oftast ikkje særleg romslege, og dei var gjerne mange søsken. Då måtte dei ofte leike ute.
  • Barna kunne dra ganske langt frå heimen utan at dei vaksne var med, og kom berre heim til mat. Dei leika gjerne ved sjøen, i skogen eller i gata. Mange fortalde at leiken kunne vera ganske røff – og både farleg og skummel. Dei leika for eksempel i fjæra og elva utan vaksne, og enkelte fortalde at dei hang bakpå bussar då det var snø og is i gata.
  • Steinkrig: Nokre fortel til og med at dei var med på steinkrig med ungar frå ulike bydelar, noko som kunne vera svært farleg. Dei hadde ikkje mange ting dei leika med. Dette var jo i etterkrigstida, og dei me snakka med var barn under og etter krigen. Då var det mykje mindre pengar til leiketøy.
TREHYTTE: Mange barn har bygd trehytter dei siste tiåra. Her er det ein gut som har bygd seg ein gøymestad i eit tre i Svartdalen i Oslo. Foto: Aage Storløkken / Ivar Aaserud / Aktuell / NTB

Korleis leika folk i 50-åra då dei var barn? 

  • Den farlege leiken, der det var fare for liv og skadar, blei det mindre av. Barna vart meir skjerma, og dei vaksne passa meir på. Dei som vaks opp på denne tida fortel også at dei var mykje ute i naturen. Dei beskriv også at dei leika over store område.
  • Betre økonomi: Det var framleis få som gjekk i barnehage og dei yngste barna gjekk på skule anna kvar dag. Dei hoppa paradis og strikk, eller leika med ball i gata. Det var mindre vanleg at barn jobba, så det var meir likt for barna. Dei me snakka med var barn då olja kom til Noreg, og då vart det betre økonomi i familiane. Dei hadde råd til å kjøpa meir leiketøy.
ROBOTLEGO: På slutten av 1990-talet kom dei siste Lego-robotane som det blei mogleg å programmera. Foto: AP Photo/Alastair Grant / NTB

Korleis leika folk i 20-åra då dei var barn? 

  • Meir organisert: For denne gruppa var det mindre tid til uorganisert leik utan at vaksne passa på, ettersom dei aller fleste gjekk i barnehage og på skule/SFO. Det vart også meir fritidsaktivitetar på ettermiddagane, slik at det vart mindre tid til uorganisert leik.
  • Med meir biltrafikk blei barna også meir passa på. I tillegg blei det meir vanleg at vaksne styrte leiken. Dei vaksne passa på at leiken ikkje blei for brutal. Den røffe leiken gjekk frå å vera farleg eller skummel til å vera meir rampestrekar.
  • Digitalt: Det blei også meir leik med digitale media, meir gaming og meir inneleik for barna som vaks opp på denne tida.

 

Kva leikar snakka alle generasjonane om? 

  • Gøymsel.
  • Boksen går.
  • Snøballkrig.
  • Kongen på haugen.
  • Ringe på å stikke av.