Kaja (11): – Leik gjer meg glad

Framtida Junior har snakka med Jacob Almås, Lilly Risnes og Kaja Gravdal om kva dei tenkjer om å leika.

Jacob (11)

Må ein slutta å leika når ein blir stor?

Foto: Janne Nerheim

– Nei det må ein ikkje. Det kan ein velja sjølv. Eg har slutta å leika med bilar, men eg likar å leika gøymsel og trikken i skogen. Så spelar eg fotball, og det er jo ein slags leik det også.

Er leik viktig for deg?

– Det er ikkje så viktig for meg, men det er nok ulikt frå person til person.

 

Lilly (11):

Må ein slutta å leika når ein blir stor?

Foto: Janne Nerheim

– Leik kan vera gøy for alle. Og ein kan driva med mange typar leik. Eg har ikkje så mykje fantasi, men eg likar å leike i skogen. Der spring me rundt og leikar trikken, gøymsel eller bom 30. Eg har slutta å leika med leiketøy.

Er leik viktig for deg?

– Eg synest det er fint at me finn på noko å gjera ilag. Det er gøy å vera saman med andre.

 

Kaja (11):

Foto: Janne Nerheim

Må ein slutta å leika når ein blir stor?

– Eg synest ein kan halda fram med leik så lenge ein vil. Eg er ferdig med sandkasse, Barbie og ein del slike ting, men eg likar å leike bom 30, trikken og slike aktivitetar. På skulen leikar me av og til ein leik som heiter Menneskejegeren. Då skal ein prøve å «overleva» utan å bli fanga heile friminuttet. Det er gøy!

Er leik viktig for deg?

– Det er viktig for meg. Det gjer at livet ikkje blir keisamt og det gjer meg glad!