Professor: – Du blir aldri for stor til å leika

– Det er kjempeviktig at alle leikar – både barn, ungdom og vaksne, seier professor Maria Øksnes.

– Det er forskjell på korleis barn, ungdom og vaksne leikar. Barn i barnehagen lagar gjerne sølekaker, skulebarn leikar for eksempel raudt lys, ungdommar driv for eksempel med rampestrekar – og vaksne leikar med barna sine eller gjer noko kjekt ilag med venner. Poenget med leik er å ha det gøy, tøya reglane og søke spenning, og det er ikkje så viktig kva me kallar det, seier Maria. Ho er professor i pedagogikk ved Institutt for lærarutdanning.

GLEDE: Leik gir glede og eit rikare liv, ifølgje professor Maria Øksnes. Foto: Privat

– I 2013 kom FNs barnekomité med ein viktig kommentar til artikkel 31 – nemleg menneskeretten «Retten til å leike». Barnekomitéen uttala at dei er sterkt bekymra for at dagens barn har lite tid til frileik, og det er eg også bekymra for, fortel Maria.

Alle kan leika

Leik gir glede og eit rikare liv, ifølgje professoren.

– Forsking viser at mange dyr også leikar. For eksempel blekksprutar! Leiken gir glede og gjer livet rikare. Det gjer at både menneske og dyr har det godt, seier ho.

Maria trur det viktigaste er at me forstår at leik ikkje er noko ein må slutta med.

– Eg trur det er veldig viktig at barn og unge får vita at dei ikkje treng å slutta å leika. Ein del opplever nok at dei får negative kommenterer på at leik er barnsleg eller negativt. Då er det fort gjort å slutta med det. Men, ikkje la andre bestemma for deg!, seier Maria.

Lytt til Astrid Lindgren!

Ho har ein klar beskjed til alle vaksne:

– Me må la ungar leike så lenge dei vil! Forsking viser at barn som leikar fritt og spontant har det betre både i kropp og hovud, fortel ho.

Maria skulle ønska fleire lytta til forfattaren Astrid Lindgren sine kloke ord:

– Astrid Lindgren sa at ho «skulle ønske dagens barn leika meir enn dei gjer. For den som leikar som liten får ein rikdom inni seg som ein kan ausa av heile livet. Ein byggjer opp ei varm, hyggjeleg verd inni seg. Ei verd som gir styrke om livet blir vanskeleg».