– Det er vondt å bli utestengt frå leiken

Sanna Noelle Scholz Risnes (10) og Eline Daa Risnes (10) har begge erfaring som trivselsleiarar ved Sagvåg skule. Dei veit kor viktig det er å inkludera andre i leiken.

Både Sanna og Eline har opplevd korleis det kjennest å bli utestengt. Det har gjort at jobben som trivselsleiarar ved skulen kjennest ekstra viktig.

– Eg vil ikkje at andre skal føla seg utanfor i leiken, seier Sanna.

Sjølv har ho opplevd å ikkje få vera med.

– Eg har spurt om å bli med, men har fått eit «nei» tilbake. Og eg hugsar spesielt ein gong då eg var ilag med nokon som sa eg skulle snu meg og halda meg for auga. Då eg snudde meg igjen, sprang dei vekk. Då blei eg lei meg. Ikkje slik at tårene kom, men eg grein inni meg fordi eg følte at dei ikkje ville vera med meg, fortel ho.

TRIVSEL: – Det er viktig å invitera andre med i leiken. Berre sei «hei, vil du vera med?», seier Sanna Noelle Scholz Risnes (10). Foto: Janne Nerheim

Eline har også opplevd at det kan vera vanskeleg å få bli med.

– Ein gong nokre venner skulle leika i skogen, spurde eg om å få bli med. Dei svara at eg heller kunne finna nokon andre å vera med. Eg var glad då eg spurde dei, men lei meg då det blei svaret. Det er skikkeleg tungt å få nei på den måten, seier Eline.

Sei «hei»

– Det er viktig å invitera andre med i leiken. Berre sei «hei, vil du vera med?» Viss leiken allereie er i gang, kan du hjelpe den personen som vil bli med. Forklar leiken slik at dei får lyst å bli med, fortel Sanne som ikkje aksepterer at nokon blir utestengt.

– Då seier eg ifrå til ein vaksen. Eller eg går bort og inviterer personen med i ein trivselssleik, fortel ho.

PASSAR PÅ: Eline er på vakt når ho ser nokon som sit åleine i friminutta. Foto: Janne Nerheim

Eline er også på vakt når ho ser nokon som sit åleine i friminutta.

– Viss eg ser nokon som sit åleine, går eg bort for å spørja om det går bra med personen. Viss ikkje det går bra, kan eg trøysta. Viss dei ikkje vil leika, kan eg berre setja meg ned der, Då hender det dei ombestemmer seg, og blir med likevel. Då kjem dei inn etter friminuttet glad og nøgd, fortel ho.

Jentene trur dei er ekstra på vakt sidan dei sjølv har opplevd å få nei.

– Eg legg ekstra merke til korleis andre har det. Eg vil ikkje at andre skal ha det vondt, seier Sanne.

Leikar mykje

Begge likar å leika både på skulen og på fritida.

– Eg har seks søsken. Fire yngre og to eldre. Me leikar ein del ilag. Akkurat no bygger me hytte på terrassen. Me likar oss også på trampolinen eller så turmat me. På skulen leikar eg mykje med fadderungane mine, fortel Sanne.

Eline har også søsken som likar å leike. Og ei nabojente som ofte spør om å finna på noko gøy.

– Me leikar gøymsel, bom 30 eller tikken. Eller så syklar me i nabolaget, fortel ho.