Mohamed frå Sri Lanka likar best å spela fotball og cricket

– Eg liker å spela fotball og cricket med vennene mine, fortel Mohamed frå Sri Lanka.

Mohamed Shaaf er 10 år gammal og bur aust på Sri Lanka, øylandet sør for India. Der bur han i ein liten by, Kalmunai. Han går i 5. klasse. Timane startar 7.30 og sluttar 13.30.

Etter skulen kjem Mohamed heim og et eit måltid med foreldra og søskena sine. Så er det tid for favorittaktiviteten hans. Han går ut på tunet for å spela fotball med vennene frå nabolaget.

Mohamed og naboane hans speler fotball. Foto: Zhimy Mohamed Jazeel

– Kva anna gjer du på fritida?

– Me speler cricket mesteparten av tida. Nokre gonger går me også som ei gruppe til stranda eller til moskeen og diskuterer ulike tema.

– Er cricket det mest populære spelet på Sri Lanka?

– Eg trur det.

– Korleis blir det spelt?

– Først deler me inn i to lag. Det første laget set ut ein bowlar. Det vil seia den som skal kasta ballen, og resten av spelarane stiller opp rundt klare til å fanga ballen. Motstandarlaget stiller med to spelarar – éin med balltre for å treffa ballen og den andre på motsett side mellom to basar for å springa frå punkt A til B medan ballen flyg. Jo fleire gonger dei spring, jo fleire poeng får laget deira.

– Og er det noko du kan leika med foreldra eller besteforeldra dine?

– Far min og eg speler ofte badminton eller sparkar ball. Bestefar lærer meg å spela sjakk, og nokre gonger speler me også carrom (Carrom er eit spil, der liknar på billiard, men i staden for ball, brukar me bønder som liknar på brikker. Og i staden for ei billardkølle, så brukar me fingrane.