Drakefestival samlar mange til leik i lufta

I sju år har Kristiansand internasjonale drakefestival samla barnefamiliar i området.

Kvar september sidan 2017 har himmelen i Kristiansand blitt fylt med fargerike drakar. Festivalleiar Andrea Bang seier målet med festivalen er å samle folk frå ulike land som bur i byen.

– Vi ønsker å bidra til at Kristiansand blir ein meir leiken og inkluderande by, seier ho.

FESTIVALLEIAR: Andrea Bang er festivalleiar for Kristiansand internasjonale drakefestival. Foto: Liv Unni Tveitane

Drakefestivalen har ulike aktivitetar for barn, mellom anna ein drakeverkstad og flygekonkurransar.

2000 år gammal aktivitet

Andrea har lært mykje om drakar sidan ho blei festivalleiar.

– Eg har mellom anna lært at drakeflyging er ein 2000 år gammalt aktivitet frå Kina. Det hadde ulike funksjonar, og blei også brukt i krigføring, fortel ho.

Viss du vil lage din eigen drake, anbefaler Andrea å sjekke ut instruksjonsvideoar på YouTube og få hjelp av ein vaksen.

– Gjer det enkelt og bruk fantasien. Bambuspinnar og ein plastpose er ofte nok, seier ho.

DRAKEVERKSTAD: På drakeverkstaden får barn lage sine eigne drakar. Foto: Andrea Bang