Maria Parr: – Ein vanleg kvardag er science fiction for mange

Etter store suksessar som «Vaffelhjarte» og «Tonje Glimmerdal» er Maria Parr no ute med ei ny barnebok, «Oskar og Eg».

FAKTA: Om Maria Parr
  • Maria Parr er norsk barnelitteraturs superstjerne.
  • Ho kjem frå Fiskå i Vanylven. 
  • Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lektor.
  • Parr debuterte med boka Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho fekk Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. 
  • Bøkene til Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. 
LES FAKTALUKK FAKTA

I boka Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. «Oskar og Eg» er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane me er.

– Ho som set om bøkene mine til russisk, sa noko som vart ein tankevekkjar for meg. Ho sa at det å få leva i ein vanleg kvardag er science fiction for mange. Det å skrive om heilt vanlege ting er ekstremt viktig. Det er mange i verda som ikkje lever i ein vanleg kvardag, sa ho.

Om leik på lat og på ekte

Dermed blei «Oskar og Eg» skriven. I forlaget sin omtale av boka står det at den handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte.

– Desse karakterane, Ida og Oskar, har eg skrive om i nokre mindre forteljingar tidlegare. Dei har lagt der og ulma, men så ville eg finna ut om dei kunne få ei eiga bok, fortel Parr.

Og bok er det blitt. Parr har skrive ei fartsfylt og varm høgtlesingshistorie som passar for alle.

– Eg har eigentleg ikkje skrive så mykje om det som skjer i ein kjernefamilie før. Eg har skrive meir om venskap. Så Oskar og Ida har opna døra til mange nye forteljingar. Eg har kosa meg veldig med å skrive denne boka, fortel ho. 

Sterke minne

Det er noko heilt spesielt med dei plassane ein dreg til som barn, meiner Parr.

– Eg er blitt vaksen, og då tenkjer ein gjerne på kva som er viktig i livet. Eg har funne at dei plassane me dreg til som ungar, er noko som skapar sterke minne i oss. Dermed blei det til at eg tok utgangspunkt i ein plass Ida og Oskar dreg til i kvart kapittel, fortel ho. 

Parr diktar alltid opp karakterane i boka. Ho skriv ikkje om nokon ho kjenner. 

– Eg oppteken av at ingen familie eller venner skal frykta å bli skriven inn som ein karakter i ein av forteljingane mine. Eg diktar og finn stor glede i det. Det som skjer i boka finst ikkje i verkelegheita, men det er ikkje tilfeldig at eg skriv denne boka no når eg har små barn sjølv. Eg er også storesøster, så det er naturleg for meg å skrive om det, seier ho. 

Parr er oppteken av at det skal vera plass til mange typar barnebøker i bokhylla.

– Me treng både spennande, artige, lærerike – og også bøker me kan kvila og kjenna oss trygge i. Dette er ei slik bok. Eg ville laga ein god plass å vera. Det treng me av og til. Derfor passar denne boka godt til høgtlesing før leggetid, for eksempel. 

Finst som lydbok

– At boka både finst både i papirutgåve og som lydbok, er viktig for meg. Men i papirutgåva er det mange fine illustrasjonar av Åshild Irgens, fortel Parr. 

Ho brenn for at bøker skal lesast høgt både heime og på skulen. 

– Høgtlesing er ei felles oppleving. Det er inkluderande. Også for dei som strevar med å lesa sjølv. Eg blir glad når eg høyrer at foreldre og lærarar les høgt for barn og unge langt opp i ungdomsskulen. Ein blir ikkje for stor til å bli lese høgt for, seier ho. 

Parr brenn også for at alle barn skal ha tilgang på bøker på skulebibliotek.

– Det er så viktig at alle har tilgang på bøker! Løysinga på det er gode skulebibliotek, og det meiner eg at alle må ha. Det er ein rik fauna av barnelitteratur med mykje gull. Det fortener å nå fram til ungane.