Bananfluger likar å køyra karusell

Forskarane ville sjekka om bananfluger likar best å sitja i ro på ei plate, eller om dei likar best at plata snurrar rundt.

Dei tyske forskarane gjorde eit eksperiment for å finna ut korleis bananfluger reagerer på ei spinnande plate. Dei laga eit glasbur og plasserte ei plate som snurra rundt i buret. Mange av flugene valde å ta seg fleire turar med karusellen, skriv Ung.Forskning.no.

Flugene hadde fri tilgang på mat og vatn. Dei hadde mykje plass å sitja på utanom karusellen. Dei vart ikkje forstyrra og stressa.

Likte best at plata snurra

Forskarane gjorde same type eksperiment med andre fluger. Men denne gongen var plata slått av og stod stille. Dei samanlikna kor mykje flugene sat på plata i dei to forsøka.

Flugene brukte tydeleg lengre tid på å sitja på plata når ho var slått på, enn når ho var slått av.

Det var også forskjellar blant flugene. Nokre av bananflugene sat helst på kanten på plata, eller unngjekk plata. Andre oppsøkte plata spesielt mykje.

Det kan vera at flugene opplevde noko av det same som oss, når me tek karusell eller sklie. Det kan vera at det likar å køyra karusell fordi det er gøy. Men det veit ikkje forskarane sikkert.