Vil stemma til australske urfolk bli høyrt?

14. oktober vil Australia halda ei obligatorisk folkeavstemming.

Den australske regjeringa førebur no ei folkeavstemming 14. oktober, ifølgje The Sydney Morning Herald. Spørsmålet australiarar må svara på, er om dei vil endra grunnlova for å anerkjenna urfolka i Australia. Dei kan anten svara ja eller nei.

Viss fleirtalet svarer ja, vil det bli lagt til ein ny del i grunnlova om urfolk. I tillegg vil det bli oppretta eit råd som skal uttala seg i saker som handlar om urfolk.

Alle australske statsborgarar over 18 år må stemma i folkeavstemminga. Viss dei ikkje stemmer, og ikkje har ein gyldig grunn, kan dei bli bøtelagde.