Slangesesongen starta tidleg i Australia

I år har dei australske slangane vakna frå dvalen ekstra tidleg.

Grunnen er det varme vêret. I Australia er det vinter no, og vanlegvis ligg slangane i dvale til september.

Men fordi det er ein av dei varmaste vintrane som er målt, har slangane allereie begynt å vakne, skriv CNN.

Dyrehagen Australian Reptile Park ber folk på austkysten av Australia om å vere ekstra på vakt. Dei skriv på Facebook at dei fleste bita skjer når folk prøver å fange slangane sjølv. Derfor ber dei folk som ser ein slange, om å ringe den lokale slangefangaren i staden.