Dataspel: Pikmin 4 – eit idyllisk redningsoppdrag

Særleg grafikken og musikken utmerkar seg i det nye Pikmin-spelet frå Nintendo, skriv Anette Fadnes Markussen.

I «Pikmin 4» spelar du som eit menneskeliknande romvesen som har krasjlanda. Du og resten av crewet reiste ut for å redde Olimar, som er stranda på planeten PNF-404, men enda opp med å måtte reddast sjølv. Oppdraget ditt er å finne og redde alle dei andre som var saman med deg i raketten.

Grafikk: 6/6

Visuelt er «Pikmin 4» heilt nydeleg. Det er som å gå rundt på bakkenivå med eit kamera med makrolinse. Det er detaljar du elles kanskje ikkje får med deg i kvardagsrushet. Personleg er ein av tinga eg likar aller best med spelet å bruke 50 små pikmin til å bere ein melon bort til romskipet. Det er eit perspektiv du sjeldan får moglegheita til å sjå gjennom.

Lyd og musikk: 6/6

Lydeffektane får den klaraste seksaren av alle. Musikken er laid-back, roleg og mest i bakgrunnen. Det er ikkje det elementet som er lagt mest vekt på i «Pikmin 4», men likevel eit element som gir glede visst lagt merke til.

Innhald og historie: 5/6

«Pikmin 4» er eit repeterande spel. Du samlar sparklium, du får fleire pikmin og du reddar andre som er stranda på planeten. Ofte får du moglegheita til å hoppe ned i grotter, eller spele noko som liknar minispel for å redde enda fleire folk.

Pikmin hjelper deg å frakta sparklium til romskipet. Skjermdump.

Oppsummert

«Pikmin 4» er kort sagt eit fint spel. Det er fint å sjå på, koseleg å gå rundt å utforske i og ikkje minst sjå på dei søte pikminsane som går rundt og nynnar, ber og hjelper deg. Folk som er interessert i natur, men ikkje orkar å gå ut sjølv, burde kjøpe «Pikmin 4».

 

Denne spelmeldinga blei først publisert på Framtida.no, som er Framtida Junior si søsteravis. Spelmeldinga er ein del av Framtida sitt prosjekt «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.