Guatemala er eit land i Mellom-Amerika som slit med fattigdom, vald og høg korrupsjon. Mange innbyggarar prøver derfor å kryssa grensa til USA. Ifølgje Al Jazeera er guatemalanarar den største gruppa av innvandrarar frå Mellom-Amerika til USA.
Arévalos valprogram lova å sikra økonomisk stabilitet og slå ned på korrupsjon. Det var med dette håpet det guatemalanske folket stemde. Ifølgje det nasjonale valorganet TSE, fekk Arévalo 58 prosent av stemmene, mens rivalen Sandra Torres fekk 36 prosent, skriv Al Jazeera.