Naturens klasserom

Karoline Oppedal er leiar i Bærekraftige liv – organisasjonen som har sett i gang Oppdrag Blomstereng. Ho meiner det er viktig at alle elevar får lære meir om kva som skal til for å laga ei blomstereng.

Kva er pollinering?

Pollinerande insekt elskar blomsterenger. Når dei bevegar seg inne i blomsteren, festar det seg pollen til kroppane deira.

Når dei flyg vidare, flyttar dei pollen frå ein blom til ein annan. Det blir kalla for pollinering, og er det som gjer at blomen kan setja frø som fører til at det blir nye plantar som blomstrar neste år.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Me har starta prosjektet i Bergen, men håpar at barn på alle skular i heile Noreg skal få laga blomsterenger etter kvart, fortel Karoline.

Ho følg engasjert med på arbeidet elevane ved Landås skule gjer.

SKILT: Elevane i 7. klasse sette opp skilt ved blomsterenga for å informera folk om prosjektet. Foto: Hundven-Clements Photography

– Elevane starta på prosjektet på våren i fjor. Då lærte dei om pollinering. I juni blei dei betre kjent med naturen og blomane som bur der, og etter sommarferien samla dei frø. Seinare på hausten, i september, blei frøa sådd, og no kan dei snart sjå resultatet av arbeidet dei har gjort, fortel ho. 

Klasserom i naturen

– Barn skal få læra gjennom å gjera. Dei skal få oppleva noko heilt konkret dei kan gjera for å reparera naturen der dei bur. Når ein får eigarskap til eit stykke natur, får ein også lyst å beskytta naturen, fortel Karoline.