Fekk du med deg desse sakene frå den siste veka?

Frå innsamling til Kreftforeningen til klimakonferanse – her er nokre av dei mest omtalte nyheitene frå veka som gjekk.

Den originale versjonen av denne saka vart fyrst publisert i Framtida.no.

Fryktar fleire hundre migrantar døydde i Middelhavet

Migrantar på ein overfylt fiskebåt. Foto: Støtteark frå den hellenske kystvakta via AP

Onsdag forliste ein fiskebåt i internasjonalt farvatn utanfor Hellas. Til no er det 79 personar som er stadfesta omkomne, men ifølgje ein av passasjerane om bord var det 750 passasjerar då skipet sokk.

Greske styresmakter fryktar at det er så mange som 500 personar som har døydd. Dei har sett av tre dagar til landesorg.

Blant dei redda er det hovudsakleg unge menn frå Syria, Pakistan og Egypt. Dei som har blitt redda har også fortalt at det var kvinner og barn i lasterommet på båten då den gjekk ned.

Semje om revidert nasjonalbudsjett

Kari Elisabeth Kaski (SV), Eigil Knutsen (Ap) og Geir Pollestad i vandrehallen på Stortinget etter dei har blitt samde om revidert nasjonalbudsjett. Foto: Peder Mydske / Stortinget via Flickr.

Arbeidar- og senterpartiregjeringa har blitt samde med Sosialistisk Venstreparti (SV) om eit revidert nasjonalbudsjett. Nasjonalbudsjettet fortel kor mykje pengar staten kan bruka i løpet av eit år og kva dei skal brukast på. Budsjettet vart opphaveleg vedteke i desember 2022.

No, eit halvt år seinare gjer politikarane endringar basert på korleis det går med den norske økonomien og kva saker dei meiner Noreg bør fokusera på i tida som kjem.

Dette er nokre av tinga som SV har fått gjennom i det nye budsjettet:

  • Auka barnetrygd
  • Meir pengar til klimatiltak, som frivillig skogvern
  • Staten tek 70 prosent av kostnaden i store kollektivprosjekt, ein auke frå 66 prosent

Totalt aukar dei pengebruken med 1,5 milliardar kroner. Revidert nasjonalbudsjett blir vedteke av Stortinget i slutten av juni.

Kort forklart: Kva er greia med statsbudsjettet?

Klimaforhandlingar i Bonn

Klimaaktivistar ber om at tap- og skadefondet for fattige land blir finansiert på klimaforhandlingane i Bonn. Foto: UNclimatechange via Flickr (CC BY-NC-SA 2.0)

Torsdag vart mellomforhandlingane i den tyske byen Bonn avslutta. Dette er forhandlingane som skjer før det årlege klimatoppmøtet som i 2023 skal vere i Dubai (COP28), mellom medlemslanda i Parisavtalen.

Ved førre møte vart det semje om å opprette eit klimafond som fattigare land kan bruke for å betale for tap og skader grunna klimaendringar. Finansieringa av dette fondet var eit av dei store temaa i Bonn, sjølv om det er vanskeleg å få på plass heilt konkrete økonomiske planar.

Les også: Bryt truleg 1,5 graders grensa i løpet av fem år

Fleire selskap boikottar Freia

Foto: Stefan Schäfer, Lich, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons

Det har storma rundt merkevara Freia den siste veka. Sjølv om Freia held til i Noreg, er dei eigd av selskapet Mondelez som, saman med mange andre merke, er på ei ukrainsk svarteliste som tilrår å velje andre produkt dersom ein vil støtte Ukraina i krigen. Grunnen til dette er at selskapet framleis har produksjon i Russland etter krigen braut ut.

Fleire store norske selskap slutta å selje Freia-produkt på grunn av dette.

Dei store daglegvarekjedene boikotta derimot ikkje, og Utanriksdepartementet har no klargjort til næringslivet at dei ikkje tilrår boikott. Etter det har både Norwegian, Widerøe og Elkjøp sagt at dei kjem til å selje Freia-produkt.

Den Norske Turistforening, SAS, togselskapet SJ Norge, Classic Norway Hotels og hotellselskapet Strawberry held fram med boikotten.

Mondelez seier sjølv at dei har er mindre til stades i Russland enn tidlegare, og at dei har som mål å skilje denne verksemda ut frå selskapet innan 2024.

Mondelez eig også fleire andre produkt som Oreo, Philadelphia og Ritz. Eit anna selskap som er svartelista av Ukraina er Procter Gamble som har produkt som Gilette, Tampax og Head & Shoulders.

✨Lyspunkt✨: Oskar Westerlin samla inn over 200 000 til Kreftforeningen

Oskar Westerlin fekk støtte frå fleire hjelperyttere på veg til Bergen. Skjermdump frå Instagram-kontoen oskarwesterlin.

I helga sykla påverkar Oskar Westerlin frå Oslo til Bergen. Dette gjorde han for å samle inn pengar til Kreftforeningen.

Han har spesielt hatt fokus på hudkreft og kor viktig det er å smørje seg med solkrem når ein driv med uteaktivitetar som sykling. Spleisen han oppretta samla inn over 210 000 kroner, og 54 000 av desse frå Westerlin sjølv.