Bryt truleg 1,5 graders grensa i løpet av fem år

Verda kan bli 1,5 grader varmare dei neste fem åra.

Den globale oppvarminga vil truleg mellombels passera grensa på 1,5 grader dei neste fem åra, ifølgje ein ny FN-rapport.

I Parisavtalen frå 2015 blei fleire land einige om at temperaturen på jorda ikkje skal stiga meir enn 1,5 grader. Målet om å avgrensa den globale oppvarminga til denne grensa har mellom anna til hensikt å unngå dei farlegaste klimaendringane.

Dette betyr ikkje nødvendigvis at målet om å halda verda under ei oppvarming på 1,5 grader, ryk, skriv NRK. I så fall må den globale temperaturen bli liggjande over denne grensa meir permanent, ifølgje Verdens meteorologiorganisasjon.