Skal bore 10 000 meter djupt hol i Kina

Eit kinesisk oljeselskap har starta boringa av det som vil bli eit av dei djupaste hola i verda.

Tysdag 30. mai starta det største oljeselskapet i Kina boringa av et hol som skal bli over 10 000 meter djupt, melder nyheitsbyrået Xinhua. Holet skal gravast i Taklamakanørkenen i Xinjiang-regionen, nordvest i Kina.

Målet med boringa er (visstnok ikkje å kome til Noreg, men) å få tilgang til ultra-djupe oljereservar og å gi forskarar ny geologisk kunnskap, til dømes om seismisk aktivitet og risiko for naturkatastrofar.

Det er forventa at prosjektet vil bli fullført på 457 dagar, som betyr at det skal vere ferdig i slutten av august 2024. I prosjektet skal det brukast utstyr som veg 2 000 tonn for å bryte gjennom dei ulike laga i jorda.

Holet i Kina blir djupt, men ikkje det djupaste i verda. Den rekorden har det superdjupe boreholet på Kolahalvøya, nordvest i Russland, berre 12 kilometer frå grensa til Noreg. Det er 12 262 meter djupt.

Denne artikkelen blei først publisert på Framtida.no som er Framtida Junior si søsteravis.