Pride-festival avlyst etter trugsmål

Redd Barna avlyser pride-barnefestivalen i Bergen.

Festivalen var planlagt til 4. juni i Nygårdsparken i Bergen. Etter eit renn av trugsmål om vald har Redd Barna bestemt å avlysa festivalen, heiter det i ei pressemelding.

– Me hadde gleda oss til leik, moro, regnbogar, feiring av mangfald og god stemning. Men ingen barn som deltek på arrangement i regi av Redd Barna skal måtte risikera å møte trugsmål, vald eller trakassering frå vaksne, seier Birgitte Lange, som er generalsekretær i Redd Barna.

– Veldig leit

Til VG seier ordførar i Bergen, Linn Kirstin Engø at ho er «djupt skuffa» over at nokon har sendt inn trugsmål til eit arrangement ho meiner er fint og viktig for unge i Bergen.

– Dette gjer meg rasande! Sånn som dette skal me ikkje ha det i byen vår. Bergen skal vera ein by for alle, seier

– Vis kva by me vil ha

Til VG seier Engø at ho vil oppfordra alle til å delta i andre pride-markeringar i byen og «vise kva by me vil ha».

– Dette viser at kampen for eit inkluderande og trygt samfunn for alle slettes ikkje er over og at pride trengst, meiner ordføraren.

Har sendt trugsmåla til politiet

Leiar i Norgesprogrammet til Redd Barna, Monica Sydgård fortel at trugsmåla har komme frå enkeltpersonar som har trua med å komma til barnefestivalen for å utøva vald og trakassering mot deltakarane.

– Eit av trugsmåla er allereie politimeldt, og resten er overlevert til politiet for vurdering på om dei er straffbare, seier Sydgård til Bergensavisen.

Alternativt program

Som erstatning for det avlyste arrangementet set FRI Vestland opp ein barnefestival innandørs på søndag. Det nye arrangementet haldast på Clarion Hotel Admiral i Bergen.