Det er mange måtar å feire at ein fyller 20 år. Maud Angelica Behn visste tydelegvis allereie for ein månad sidan korleis ho skulle markere dagen.
På TikTok-kontoen sin delte ho i går i ein klassisk nedtellingsvideo at ho skal barbere og donere håret sitt.

Etter nedtellinga blir håret delt opp i musehalar, og ho tek den fyrste klippen sjølv:
– Ok, ein, to tre!
Viralt på TikTok
Videoen til Maud Angelica Behn har emneknaggen #buzzcut, og det er nettopp det ho endar opp med som frisyre til slutt.
Videoen er per tysdag morgon sett over 140 000 gonger og likt av nesten 9000 personar.

Det er også over 200 kommentarar på videoen, og Maud Angelica har svart på fleire av dei, inkludert der nokon berre har kommentert:
«BADDIE»
«HAHAHHAHAHAHHA my baddie 20s era has started
» svarar ho.
Denne artikkelen blei først publisert i Framtida.no som er Framtida Junior si søsteravis.