17. MAI-KAKE: Pavlova med norske flagg

Dette er den perfekte kaka til 17. mai-feiringa!

Ingrediensar:

  • 250 g sukker
  • 4 egg
  • ¼ ts salt
  • 2 ts maisenna
  • 1 ts kvitvinseddik
  • 3 dl kremfløyte
  • 1 pakke ferdig vaniljekrem
  • 1 korg jordbær
  • 1 korg blåbær
  • 1 pakke bjørnebær

Framgangsmåte:

  1. Sett steikeomnen på 120 °C. Bruk over- og undervarme. 
  2. Skil egga. Ha eggekviter i bollen til kjøkkenmaskinen. Ha i litt salt. 
  3. Pisk eggekvita på middels til låg hastigheit til det byrjar å bli eit kvitt skum som byrjar å få små toppar.
  4. Tilsett sukker litt og litt. Når alt sukkeret er i, skru opp hastigheita til middels høg. Når marengsmassen er blank og blitt heilt stiv, er den ferdig piska. Den skal vera så stiv at du kan snu bollen opp ned, utan at marengsen fell ut. Bruk ein slikkepott til å skrapa marengsen frå vispen.
  5. Mål opp maisenna og sikt den over marengsen. Ha i kvitvinseddik og vend alt forsiktig saman med slikkepotten.
  6. Legg eit ark bakepapir på eit steikebrett. Legg ein stor tallerken opp ned på brettet og teikn ein sirkel rundt tallerkenen med ein blyant eller penn. Tallerkenen bør vera 24–26 cm i diameter. 
  7. Ha marengsen på midten av sirkelen, bruk slikkepotten for å få ut alt av bollen. Bruk slikkepotten og stryk marengsen ut til ein jamn sirkel innanføre pennestrekane dine. 
  8. Sett brettet nedst i steikeovnen, og steik marengsen i 1 time og 30 minutt. Hugs å ta tida!
  9. Skru av omnen når marengsbotnen er ferdig steikt. Sett den til avkjøling på ei rist eller eit gryteunderlag. Fjern bakepapiret når marengsen er kald.
  10. Ha kremfløyte i ein bolle. Visp kremfløyten til den blir luftig og stiv (ca. 2 minutt). Kremen skal bli fast, men piskar du for lenge blir den kornete. 
  11. Ha vaniljekrem i bollen med piska krem. Det kan vera lurt å piske vaniljekremen med ein visp litt fyrst. Bland kremen raskt saman og sett den kaldt i kjøleskapet til kaka er klar for pynting. 
  12. Ta av det grøne på jordbæra, og skjær dei i mindre bitar.
  13. Legg marengsbotnen på eit fat. Ha kremen på marengsbotnen rett før du skal servera kaka, då blir den best. Viss kaka blir ståande lenge etter at kremen er tatt på, vil marengsbotnen bli blaut og kaka blir ikkje like god. 
  14. Legg jordbær, blåbær og bjørnebær på kaka. No er kaka klar til servering! Vil du gjera pavlovaen ekstra fin, kan du sikta over litt melis eller pynta den med norske flagg.