Haaland sette historisk målrekord

Etter onsdagens kamp mot West Ham er det ingen som har scora meir i ein sesong enn norske Erling Braut Haaland.

Til no har Haaland scora 35 mål i årets Premier League-sesong. Det er eitt meir enn Andy Cole og Alan Shearer, som delte rekorden i 28 år, skriv TV2.

Haaland (22) har spelt for engelske Manchester City sidan 2022. På kort tid har nordmannen blitt ein av verdas mest kjende fotballspelarar.

Den tidlegare rekorden vart teken i sesongar med 42 kampar, men Haaland knuste den på berre 33. Med fem kampar igjen av sesongen er det ikkje usannsynleg at 22-åringen aukar talet.