Ukrainske Dima (8) får gå på skulen igjen

Mamma Kateryna feirar kvar dag Dmytro «Dima» Panchenko (8) får leve livet som ein vanleg gut.

Her kan du øve på nokre ukrainske gloser:

Norsk                    Ukrainsk 

Hei:                       Pryvit                        (привіт)

Ja:                        Tak                             (так)

Nei:                       Nji                              (ні)

Takk:                     Djakuju                     (Дякую)

Velkommen:         Vitaju                        (Вітаю)

Ha det:                 Buvaj                         (Бувай)

Eg heiter…:         

Mene zvatи…         

    (Мене звати)

Skal vi leike?     

  Khotsjesh hraty?  

  (Хочеш грати?)

LES FAKTALUKK FAKTA

Dima og mora Kateryna kom til Bergen i oktober. Dei flykta frå krigen i Ukraina, og var først ei stund i Bulgaria før dei reiste til Noreg.

Etter mange månader med digital, ukrainsk heimeskule, har Dima no fått byrje på ein norsk skule. 

– Han har lyst til å gå på skulen. Han er ein nerd. Han er veldig interessert i å lære, seier mamma Kateryna.

Fjeset til Dima lyser opp, og han bruker hendene mykje når han snakkar. Skulen er kjekk og interessant, synest han. Etter å ha vore mykje åleine med mora, er han glad for å få treffe andre born.

 

«Eg heiter Dima»

På skulen likar han best matte og teikning. Ein fordel med matte er at tala er like i Ukraina og i Noreg.

Dima kan nokre få norske gloser: Tusen takk; eg heiter Dima; eg er frå Ukraina; takk for i dag.

Etter kvart skal han byte til ein skule der han får hjelp frå ein ukrainsk lærar kvar dag. Då trur Kateryna at han kjem til å lære mykje meir språk.

– Men born treng ikkje snakke same språk for å leike saman, slår ho fast.

 

Utforskar Bergen

Kateryna har tidlegare vore på jobbreiser til Bergen, så ho var kjent her frå før.

Gjennom vinteren har mor og son utforska byen saman. Dima er spesielt begeistra for Fløibanen, Ulriken, Bryggen, og ein bolle med vaniljekrem som han kjøpte på eit bakeri. Han har også ei eiga fiskestong som han har fiska makrell med.

Kateryna vil at Dima skal forstå at han må gå på skulen, lære språket og bli ein del av samfunnet. Ho synest det er fint at han har sjansen til å bu og leve i eit rikt, grønt land med folk som vil han vel. Ho trur ikkje det vert aktuelt å flytte tilbake til Ukraina på mange, mange år.

 

Treng ikkje vere redd

Dei har vore gjennom mykje grufullt. Dei har gøymt seg i bomberom, sett missil og høyrt droneangrep. På ein lysfest i Bergen i desember vart Dima skremt av fyrverkeriet, som minna han om bomber. Dei måtte forlate hus, familie og vener i Ukraina. Men trass i fæle og triste opplevingar, meiner Kateryna at dei må vere glade. 

– Dima fekk feire jul og nyttår. Han likar å dra på kjøpesenteret og kjøpe leiker. Han treng ikkje flykte. Han kan berre nyte livet. Han kan oppføre seg bra, eller dårleg, slik born gjer. Men han treng ikkje vere redd for å gå ut, eller redd når natta kjem, seier ho.

– Born treng å vere lukkelege for å bli gode vaksne. Eg trur han er ganske lukkeleg.