Barn gruar seg til jul: – Inkluder barn, unge og familiar rundt deg

Grunnen til at over éin av ti barn gruar seg til jul, er mellom anna sjukdom, dårleg råd og bruk av alkohol i familien, skriv organisasjonen Blå Kors i ei pressemelding.
Dette kjem fram i ei undersøking gjort blant 973 barn og unge i alderen 8 til 19 år.
– Dei fleste forbind jula med glede, forventningar og fellesskap. Men sånn er det dessverre ikkje for alle. Nokre har det vanskeleg heime, medan andre opplever å stå utanfor fellesskapet, seier Camilla Lunde i Blå Kors.
Jula betyr pause frå skule, fritidsaktivitetar og andre faste, trygge møteplassar. For barn som allereie er litt utanfor eller har det vanskeleg heime, kan jula derfor bli ekstra sårbar.
For å gjere jula betre for dei som gruar seg, oppmodar Blå Kors til å inkludere barn, unge og familiar rundt seg:
- Inviter med ein ekstra på til dømes skitur, filmkveld eller peparkakebaking.
- Sjå kven som ikkje blir invitert, og pass på å invitere med dei.
- Du kan for eksempel spørje «Vil du bli med oss heim etter skulen?» eller «Vil de kome til oss på middag i morgon?»
Blå Kors oppmodar i tillegg vaksne til å vere bevisste på korleis deira bruk av alkohol påverkar barn.
– Barnas tryggleik må kome først, står det i pressemeldinga.
Skriven ut frå Framtidajunior.no · framtidajunior.no
Kva meiner du?
179 svarHar du prøvd å sparke?
Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.