Mange et egg i påska

Matprat har undersøkt kva nordmenn et mest av i påsketida.

– Det er vanskeleg å anslå kor mange egg nordmenn et i påska, men vi går ut frå at kvar nordmann et omtrent eitt egg om dagen dei fem raude dagane, fortel Gunnar Thoen frå Matprat til NPK.

Det betyr at nordmenn til saman et 27 millionar egg mellom skjærtorsdag og andre påskedag.

Egg og påskeegg

I tillegg til egg frå høna er det også andre egg som er veldig populære i høgtida. Nemleg påskeegg! Og kva er påskeeggets mest populære ingrediens? Sjokolade i alle fasongar og variantar.

Mange kosar seg med eit påskeegg fylt av sjokolade og anna godt, gjerne på påskeaftan.

Andre mattypar som er vanleg å eta i påska er appelsinar og lammekjøt.