I dag feirar me den internasjonale kvinnedagen

Men, kvifor feirar me kvinnedagen? Og kven var det som fyrst tenkte på at verda treng ei markering av kvinner sine rettar?

Den internasjonale kvinnedagen vert markert den 8. mars kvart år. Dagen vert nytta til ei markering av rettane til kvinner, og kampen for full jamstilling mellom kjønna.

Mange stader er det demonstrasjonar, opptog og markeringar. Dagen vert også feira av Dei Sameinte Nasjonane (SN), og i mange land er dagen ein offentleg helgedag.

TOK INITIATIV: Den tyske marxisten og feministen Clara Zetkin (t.v.) kom med framlegget om ein internasjonal kvinnedag i 1910. T.h. veninna og partifellen Rosa Luxemburg. Foto: Public domain,/ Wikimedia Commons

1900-talet

I 1910 fekk den tyske kvinna Clara Zetkin gjennomslag for å innføra ein internasjonal kvinnedag. Over 100 kvinner frå 17 land deltok på ein kvinnekonferanse i København i 1910. Den internasjonale kvinnedagen skulle i første omgang vera ein reiskap i kampen for kvinneleg røysterett.

Det vart ikkje den gongen vedteke nokon bestemt dato for kvinnedagen, men det følgjande året vart dagen markert den 19. mars i Sveits, Tyskland, Austerrike og Danmark. I alt ein million kvinner demonstrerte.

I Noreg vart kvinnedagen markert første gong i 1915.

Då heldt Kvinneforbundet i Arbeidarpartiet folkemøte for fred. Frå 1929 vart markeringa borte fram til andre verdskrigen.

1940-talet:

Under den andre verdskrigen fann kvinner kvarandre i motstandsrørsla og i konsentrasjonsleirar og markerte dagen i hemmelegheit. Etter krigen arrangerte det nystarta «Kvinnenes Demokratiske Verdensforbund», seinare «Norsk Kvinneforbund», feiring av dagen gjennom mindre markeringar.

Den første offisielle markeringa etter krigen var i 1948. Men på denne tida starta den kalde krigen, og kvinnene som markerte dagen møtte mykje motstand.

MARKERING: 8. mars-markering på Youngstorget i Oslo i 2020. Foto: Fredrik Hagen / NTB

1960-talet:

På slutten av 1960-talet tok den nye kvinnerørsla opp att tradisjonen med å markera 8. mars over heile den vestlege verda.

Først ute i Noreg var ei gruppe kvinnefrontarar ved Universitetet i Oslo, som skipa til tog 8. mars 1972. Initiativtakar var Gro Hagemann, i dag professor i historie ved Universitetet i Oslo. Hagemann fortel at ho studerte kvinnehistorie og tok ideen rett ut av bøkene. Ho var ikkje merksam på at det alt fanst ein norsk tradisjon for å markera dagen.

1970-talet:

I Det internasjonale kvinneåret i 1975 vart dagen for alvor ein brei markeringsdag. Dei Sameinte Nasjonane erklærte 8. mars som internasjonal kvinnedag.

8. mars 1978 nådde markeringane på 1970-talet eit høgdepunkt då 20.000 kvinner og menn slutta opp om toga rundt om i landet.

Viktige saker i kvinnekampen på 1970-talet var lik rett til arbeid og utdanning, utbygging av barnehagar, sjølvbestemt abort, seksuell frigjering, lesbiske kvinners rettar, kamp mot valdtekt og familievald og kamp mot porno og prostitusjon.

1980 og 1990-talet:

Utover på 1980- og 90-talet vart dagen i stor grad ivareteken av politiske parti og ulike feministiske grupperingar. Men sakene var ikkje så store og samlande som særleg abortsaka var på 1970-talet.

I dag:

Kvinnedagen har dei siste åra hatt mindre oppslutnad enn tidlegare. Dette skuldast delvis at mange av krava frå 1970-talet er gjennomførte, og delvis har andre saker kome i fokus i likestillingsdebatten.

Menn har meldt seg på med eigne krav, og vi har i dag også Mannsdagen den 19. november som vert markert kvart år.

Frå kvinnedagen 2014 i Oslo: Forsvar kvinna sin rett til sjølvbestemt abort. Foto: GAD, CC BY-SA 3.0 / Wikimedia Commons

(Kjelde: Wikipedia)