Plakaten til den nye Pokémon-serien visar ein person og ein Psyduck på ei strand. Illustrasjon: The Pokémon Company

Det kom fram under ein presentasjon The Pokémon Company halde måndag, skriv VG.

Den nye serien har fått tittelen «Pokémon Concierge», og skal ha premiere i 2023.

Serien skal handla om eit hotell der Pokémon er gjestane, kjem det fram i den nye traileren.

The Pokémon Company samarbeider med Netflix, som skal ha strøyme-rettane.

Sjå traileren her:

Snart kan du sova med Pokémon

The Pokémon Company kunngjorde òg ein ny app som skal hjelpa brukarar til å sova betre. Appen, Pokémon Sleep gjev brukaren ein Pokémon basert på korleis ein søv om natta. Pokémonen utviklar seg etter kvart som ein brukar appen.

Resultat:  

Vurdering: