Kongen fekk motorsykkel i bursdagsgåve

Kong Harald fekk tilbake motorsykkelen han hadde då han var 16 år.

H.M. Kong Harald med ein gammal motorsykkel.
Kongen fekk ei heilt spesiell gåve til 86-årsdagen. Foto: Hennes Majestet Dronningen / NTB / NPK

I dag fyller kongen 86 år. Blant alle bursdagsgåvene han har fått frå presidentar, organisasjonar og andre kongehus var det gåva frå hoffet som skilde seg ut.

Frå dei tilsette på slottet fekk han tilbake motorsykkelen han hadde som 16-åring, fortel kongehuset.

Vekke i 68 år

I 1953, då kongen blei 16 år fekk han ein Husqvarna modell 30 Sport. Den var ei gåve frå far hans, som den gong var kronprins. Motorsykkelen vart seld etter han tok førarkortet for bil i 1955.

Då ei samling av kongen sine bilar vart stilt ut undra hans majestet kvar det hadde blitt av den gamle motorsykkelen.

Sykkelen har blitt reparert, har fått tilbake det opphavelege skiltet og er no i stand til å ta ein rundtur på slottsplassen.