Julekalender -19. desember

Lurer du på kvifor me kvar jul dreg eit digert tre inn i huset, og pyntar det?

Tradisjonen med juletrær er først omtalt i anonyme tekstar frå Strasbourg i 1605. Her blir det fortalt at ein stilte opp grantre i stovene til jul, og pynta dei med papirroser i mange fargar, eple og flate kaker. Den første kjende skrivne omtalen av juletrelys er òg frå Strasbourg, frå 1765.

I løpet av 1700-talet spreidde skikken seg til Tyskland. Her utvikla tradisjonen seg, og ein begynte å henga ei stjerne i toppen av treet, som skulle symbolisera Betlehemstjerna.

Etter at dronning Victoria av Storbritannia gifta seg med tyske Prins Albert i 1840 blei tradisjonen med juletre innført i England, og seinare USA.

Tyske familiar som flytta til Danmark tok med seg skikken med juletre dit, og via Danmark spreidde den seg til Norge.

I Noreg fekk ein truleg først juletre i Oslo i 1820-åra. Skikken blei populær i velståande heimar i byane, og blei etter kvart vanleg i alle heimar rundt 1870-80-åra.

I gamle dagar pynta ein juletrea med levande lys, lenker og strimlar, og fletta papirkurvar fylt med frukt, nøtter og anna julegodt.

Juletre blei vanleg i Norge utover 1800-talet. Foto: Dmitry Ersler/Colourbox